Omlag ein kilometer frå fyret ligg Kong Øisteins Hamn. Hamna kan ein sjå når det er fjæra sjø. Rett ved sida av ligg Agdenes gard. Fjøsen er gjort om til spisestad. Maten er god!
Eg har nett vore på kino og sett Julia/Julie og prøver meg no med Trina/Trine. Til alle dykk som ikkje har vore på heiane i Lensvika, eller på Agdenes fyr, vonar eg bileta gjer utfartstrang.